Månedens artist Kirsten Bråten Berg har bedt med seg si venninne gjennnom mange år, den svenske songaren Lena Willemark, til eit nært, musikalsk møte. Dei møttes for snart 30 år sidan da dei båe hadde kurs i folkesong på den fyrste Falunfestivalen. Den veka førte til eit langt venskap og mange spanande samarbeidsprosjekt. Det største prosjektet er bestillingsverket frå Moldejazz 2011; Stemmens Skygge - ein visuell konsert der dei hadde med seg Marilyn Manzur og dansarane Ingrid Lorentzen og Johan Silverhult King.Hit kjem dei som vener og kolleger; to folkesongarar som liker både stevleik på norsk og svensk, samsong, felespel og  og munnhorpe. Møtet mellom Älvdalsmålet og Setesdalsmålet blir garantert ein språkleg godbit, og vi gler oss til å få to av den skandinaviske musikkens aller fremste på besøk!

Kirsten Bråten Berg - song, munnharpe
Lena Willemark - song, fele