Månadens artist for oktober er kvedaren Kim Rysstad, og denne kvelden har de høve til å høyre karen frå Valle i Setesdal heilt åleine. Kim starta opp med å studere klassisk song, men tidleg i dette årtusenet fekk han augo opp for kveding og valde seg til folkemusikkstudiet ved Valle vgs. Sidan den tid har han hatt læremeistarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Ragnhild Furholt, men han har også lært mykje av spelemannan Ånon Egeland.

Kim har gjeve ut fire eigne plater sidan debuten “Tak hardt uti hand” frå 2007 med joleplata “Snøen faller ned” som han spelte inn saman med London Philharmonic Orchestra som den seiste grein på stamma så langt. Kim Rysstad vekslar ut og inn mellom ulike sjangerar og uttrykk, noko deltakinga i MGP med låta “Så vidunderleg” er eit prov på, og har medverka på ein mengd plater til andre artistar.

 

Kim Rysstad - kveding