Eit samarbeid som tok til i 2010 og sidan har resultert i tallause konsertar, både i inn og utland, studiojobbing, eventar, plateinnspelingar og endåtil ein nominasjon til Spellemannprisen i 2011 for plata «Vegen». Som duo hentar Kim & Trym inspirasjon frå mest alle moglege sjangrar, men folkemusikken ligg der som ein grunnpilar. Alt frå mellomalderballadar, nystev og salmer til Dolly Parton og MGP får sin plass i duoens konsertar.

 

Kim Rysstad: vokal,lyre, Trym Bjønnes – gitarar,vokal