Karl Seglem har samla eit knippe av landets beste musikarar og kjem til Riksscenen med eit heilt nytt verk,  TINDR (slak flukt, bratt moro), og me i hovudstaden er ein av to plassar som får høyre kva Karl har kome opp med denne gong. Konserten vert også startskotet for helga som er vigd til ”Klangen før fela”, eit konsept som fokuserer på musikk frå eldre folkemusikkinstrument og kveding.

Karl Seglem om verket:
Eg har fått muligheiten til å skapa vidare i det eigenarta og unike landskapet musikken min opererer i, med besetningen som gjorde tingingsverket ”Som spor” til Vossa Jazz 2012. Eg har aldri lagt skjul på at naturen er ei hovudinspirasjonskjelde for meg, og eg har eit mål å høyrleggjera det også i denne konserten som eg ser på som ei vidareutvikling av Som spor. Verket vil vidareutviklast i det samme musikalske landskapet, og vera ei visuell og poetisk reise. Kanskje flettar eg inn nokre tradisjonelle slåttar og let hardingfelene få litt større plass? Eg skal også bruka eigen poesi frå diktbøkene mine - og nytt, både i form av opplesing og bilde-ord projesering i løpet av konserten.  

 

Karl Seglem, tsax, bukkehorn, antilopehorn,  stemme
Håkon Høgemo, hardingfele
Sigrid Moldestad, hardingfele, fele , stemme
Andreas Ulvo, tangenter
Lars Jakob Rudjord, tangenter
Sigurd Hole, el.bass / kontrabass
Kåre Opheim, trommer, perkusjon

Asle Karstad, lyddesign
Anastasia Isachsen, videokunst
Anette C. Lind, lysdesign


Urframføringa av TINDR er støtta av Norsk Komponistfond og Fond for utøvande kunstnarar.