Ingunn og Jo Asgeir
Ektefellene Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie bur på Ål i Hallingdal og har begge trekkspel som hovudinstrument. Dei to virkar som musikarar saman i tillegg til å dele hus, heim og ungar gav dei tidlegare i år ut plata “Du og Eg”, ei duoplate i skjeringspunktet mellom rare reinlendarar frå Hallingdal og svenske polskaer. Ingunn er frå Ål i Hallingdal, og vaks opp med mange dyktige trekkspelarar rundt seg. Ho studertefolkemusikk ved Norges musikkhøgskole, og skreiv i 2009 mastergradsoppgåve om springartradisjonen på kromatisk trekkspel i Hallingdal. Møta med dei trekkspelarane som skulle bli kjeldene hennar, er viktige berebjelkar på denne plata. Ho er også ein av landets beste folkedansarar, og i 2009 vann ho kongepokalen i dans hardingfele senior under NM i folkemusikk. I tillegg til å spele og danse er ho dagleg leiar for Leveld Kunstnartun, og kyrkjemusikar i Ål kyrkje - på trekkspel. Jo Asgeir vaks opp i eit fantastisk trekkspel-/akkordeonmiljø på Voss, og vart etterkvart også trekt inn i Voss spelemannslag. Som Ingunn har også han studert ved Norges musikkhøgskole, der han fyrst studerte klassisk trekkspel/akkordeon, før han tok hovudfag i folkemusikk. Han har vore med på ei rekkje plateutgjevingar, og særleg samarbeidet i gruppa Kvarts har vore ein viktig del av det musikalske virket hans. Etter studia flytte han til Ål, og var rektor i Ål kulturskule fram til han i 2012 vart rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Etter konserten skravlar Ola E. Bø med utøvarane om folkemusikken, livet og havet - mao dei viktige tinga i livet. Vel møtt “Tett På” Ingunn & Jo Asgeir!