Riksscenen nyproduksjon
10
torsdag
05
okt. 2017
Dørene åpner 1930
Konsert 2030
Billett 200/130
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Plateslipp

IRENE TILLUNG OG 10 PÅ TAKET

Denne heilt vanlege torsdagen vert det plateslepp av albumet Hildersyn, eit konseptuelt album med komposisjonar av Irene Tillung, framførte av eit uvanleg stort band.
Eit ensemble som består av heile ti musikarar, er heller uvanleg å høyre i norsk folkemusikk-samanheng, men etter at Irene Tillung mottok arbeidsstipend frå Komponistenes Vederlagsfond i 2015, tok ho sats og hoppa så høgt ho berre klarte. Det heile starta ganske så normalt, men etter kvart som komposisjonane vaks fram, vart det meir og meir naturleg å invitere inn musikarar med ulik bakgrunn for å komplettere arrangementa. Resultatet vart at Irene enda opp med eit timannsensemble med topp musikarar frå folkemusikk, jazz, klassisk og populærmusikk, og denne kvelden er det fyrste høvet til å høyre kva den spennande gjengen fann fram til.

Irene Tillung frå Voss i Hordaland er utdanna på klassisk trekkspel ved Musikkhøgskolen og har etter avslutta utdanning livnært seg som frilansmusikar. Ho er kjend frå fleire folkemusikkprosjekt i både inn- og utland, og har turnert og gjeve ut album med grupper som Maar, Boreas, Tindra og duoen Frøholm/Tillung.  

 


Irene Tillung – trekkspel/melodica
Erik Sollid – hardingfele
Anders Hall – oktavfele/bratsj
Ragnhild Lien – fiolin
Isa Caroline Holmesland – fiolin
Lise Voldsdal – fiolin/bratsj
​Sigrun Eng – cello
Mathias Eick – trompet
Ellen Brekken – kontrabass
Pål Hausken – trommer

 
#3981968