Det er klart for folkemusikalsk storhelg i Oslo, med Oslokappleik her på huset laurdag og meisterkonsert i sjølvaste Operaen syndag. Vi starter helga med konsert og uhøgtidleg førfest. Her kan du få høyre kanskje den vakraste stemma i heile Noreg, Ingebjørg Bratland, som saman med bandet sitt held ein eksklusiv Oslokonsert! I tilegg har vi fått med oss Laget for Folkemusikk som fyller kjellaren med spelemenn- og kvinner og anna godtfolk, og lader opp til morgondagens kappleik - hit er alle velkomne! Ingebjørg Bratland er ein av Noregs fremste unge utøvar innan vokal folkemusikk. Ingebjørg har med si unike stemme utmerka seg som en utøvar som går nye vegar og som gjerne utfordrar sine folkemusikalske røter. Mange minnes Ingebjørg som "ho som fekk kongen til å gråte", då ho song ”Den fyrste song” for Kong Harald, på hans 70-årsdag.Ingebjørg, født i 1990 i Vinje i Telemark, skriv sine eigne låter og akkompagnerar gjerne seg sjølv på gitar. Ho er eit kjend andlete i folkemusikkmiljøet med m.a. fleire sigrar i Landskappleiken. Under Olavsfestdagane 2011 i Trondheim var Ingebjørg solist i Espen Lind sitt bestillingsverk, "Linds Reviderte" - salmetekstar i ny drakt. Den hausta mykje ros. Hausten 2011 turnerte Ingebjørg saman med Forsvarets Musikkorps Nord Norge m.a. i Russland, i en turné i regi av Festspela i Nord Norge. Ingebjørg fortsatte samarbeidet med Forsvaret sine ulike orkestre i 2012 samtidig som ho spela inn albumet ”Heimafrå” saman med Odd Nordstoga. Og for dette albumet fikk dei Spellemannsprisen! I mars 2013 starta turneen ”Heimafrå”. Turnéen blei på heile 132 konsertar frå Varanger i nord, til Lindesnes i sør, den vara frå mars til november. Og blei avslutta med to utselde hus i Oslo si storstoga – Den Norske Opera. Tidlegere i år kom Ingebjørg med sitt eiget soloalbum "Berre meg"