I Hallingdal er det ikkje uvanleg at gradestokken kryp langt forbi det som er forsvarleg på vinteren, men dei som bur der, har opp gjennom tidene lært seg til å handtere dette på verdas beste måte. Martin Myhr har gjennom mange år inspirert og engasjert ungdommane på heimplassen til å byte ut oljefyringa med sprett, hopp, speling, kast, snurring, kveding og ikkje minst spark. Denne gjengen med ungdommar er eit av Noregs mest aktive ungdomslag, og i februar vil dei gi oss liv og leven og varme som berre dei frå Hallingdal kan. LilleRiks-vert Vegar Vårdal klarer heller ikkje å sitje stille, så han har teke turen frå kalde Gudbrandsdalen og er med på å varme opp storstua for folkemusikk og folkedans denne søndagen.

 

Hallingdal Juniorlag – Her er det ungdommar i alderen 9 til 19 som kjem frå Hugnad Ungdomslag i Hallingdal. Dei spelar fele, langeleik, hardingfele og dansar og syng.

Martin Myhr – Martin er ein av Noregs få profesjonelle hallingdansarar, ein ivrig entusiastisk dansar og ein god pedagog for barn og unge.