Årets fyrste dansekonsert i serien “Folk på Torsdag” er ein godbit for alle danse- og musikkglade folk der ute. Det vert bygdedans og gamaldans frå Telemark, Hallingdal og Valdres og dessutan pols – med Silje Hegg, Ulf-Arne Johannessen og Sivert Holmen.
Silje Hegg frå Vinje i Telemark har vunne Landskappleiken på fløyte ikkje mindre enn fire gonger og er kanskje den fremste utøvaren på seljefløyte i landet. Ho er truleg mest kjend frå tida i gruppa “Blåmann Blåmann” med m.a. Odd Nordstoga, men er også ein mykje brukt soloutøvar. Denne kvelden vert det høve til å danse springarar og gangarar frå Telemark, og dessutan rørospols til dei vakre tonane frå seljefløyta hennar.
Valdrisen Sivert Andreas Holmen er eigentleg fødd i Vadsø i 1992, men flytta til Valdres då han var seks. I Valdres møtte han folkemusikken, og det tok ikkje lang tid før han byrja å spele hardingfele. I dag er han ein av dei mest lovande unge spelemennene i landet. Gjer deg klar til valdresspringar og runddans på hardingfele!Ulf-Arne Johannessen spelar hallingspringar og halling på einradar som ingen andre, og denne kvelden tek han også med seg toradaren slik at runddansfolket skal få metta si. Ulf-Arne er sjølv dansar, og det kan ein høyre på spelet hans, som er kjenneteikna av det energiske drivet som dansarar attrår.

Silje Hegg – fløyter
Sivert Holmen – hardingfele
Ulf-Arne Johannessen – einradar, toradar