Brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg, både innan tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Dei samarbeider om ein felles idé – å spele tradisjonsmusikken frå Fronsbygdene på eit groovy, upolert og vidunderleg vis. 

Gjennom improvisasjon og historieforteljing formidlar dei musikken dei har spelt sidan barndommen, og knytar saman det tradisjonstru og lokale med vilje til nyskaping og eit vidsyn som strekk seg over både tidsepokar og musikalske grenser. 

Saman gav dei ut plata Pusinshi Ulla i 2016, til strålande kritikkar. Plata vann folkelarmprisen for open klasse i 2017, og når dei no skal sleppe plate nummer to er det all grunn til å glede seg til det. 

Brørne er svært aktive musikarar både saman og kvar for seg. Dei har begge studert på NMH, og ein eller begge er å finne i prosjekt som Vassvik, Reolô, Avant Folk og Morgonrode. 

Rasmus Kjorstad – feler
Hans Kjorstad – feler