Leahkit er nordsamisk for ‘å vera til stades’: ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der vi blir fora med ‘multi-tasking’.Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk, som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. ‘Leahkit’ er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og joik. Verket utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på.
Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å gje folkedansen større kunstnarleg fridom. Verka hans er spelt i 30 land og uttalige tv-kanalar og i 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søkjer alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer.
Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element.


Koreografi, dans og kostymedesign Hallgrim Hansegård
Musikk Torgeir Vassvik
Lysdesign Horst Mühlberger
Dramaturg Matthias Quabbe
Lyddesign Herman Kvelprud
Kostymer og scenografi tilverka av Teater Innlandet
Ytre augo Maja Ratkje, Karene Lyngholm
Produsent FRIKAR
Samprodusentar Dansens hus, Teater Innlandet, Beaivváš Sámi Našunálateáhter og Fjelldansen
Premiere Rudolstadt 05.07.2015

Framsyninga er produsert med stønad frå Norsk kulturråd, Oppland og Valdres.