FRIKAR er tilbake med ei ny modig framsyning! Tittelen, GotoGuta, er Valdresdialekt for «Backstreet Boys», og heile framsyninga er ei slags studie i gruppedynamikk og fysisk kontakt mellom gutar. Det blir både mjukt, spenstig og akrobatisk. Saman med dansarane Ådne Kolbjørnshus, Vetle Springgard og felespelar Erlend Apneseth har Hallgrim Hansegård laga ei danseframsyning der dei tek publikum med til ein tenkt støl. Her slår dei i hel tida med kreative og lett surrealistiske påfunn. Kva gjorde vi eigentleg på stølen før i tida? Kva fordreiv vi tida med før mobilen, Skype og You Tube? Kva gjorde vi eigentleg før … alt?
Gotoguta er produsert av FRIKAR i samarbeid med Førdefestivalen og Rikssscenen

Hallgrim Hansegård - dans, koreografi
Ådne Kolbjørnshus - dans
Vetle Springard - dans
Erlend Apneseth - fele