Fremvisning av gyldig billettt til kveldens hovedkonsert, kan gi gratis inngang til Fyrispel dersom det er ledig plasser.

 16.00 - Filmframsyning av dokumentar frå Setesdal av Hallvard T. Bjørgum. Filmen er bygd på private opptak frå Setesdal i tidsrommet 1922 - 1976.
 

18.00 Gunnar Stubseid og Halvard Bjørgum

Stubseid og Bjørgum er to av dei store tradisjonsberarane og spelemennene frå Setesdal i moderne tid. Korkje Gunnar Stubseid eller Hallvard T. Bjørgum treng nærare introduksjon for det røynde publikummet, musikarar og kulturpersonlegdomar som dei begge er, men noko skal dei uinnvigde få likevel.

Gunnar Stubseid (f. 1948) frå Bygland i Setesdal har spelt inn og medverka på ei mengd plater og har vorte nominert til Spellemannprisen tre gonger, der plata Slinkombas vann prisen i 1979. I tillegg har han skrive fleire bøker om folkemusikk og folkemusikarar og var inntil nyleg rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Hallvard T. Bjørgum (f. 1956) frå Rysstad i Valle kommune kjem sikkert nokon til å skrive bok om, for ein slik karriere for ein hardingfelespelemann er ikkje daglegdags vare her til lands. Han har fått dei fleste prisar og utmerkingar ein spelemann kan få, mellom anna er han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, har vunne Landskappleiken tre gonger, har tre Spellemann-prisar, med mange fleire nominasjonar, og har i tillegg gjeve ut mengder av plater med andre utøvarar.

Gunnar Stubseid – hardingfele
Hallvard T. Bjørgum – hardingfele