Trioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for seg. Besetninga med hardingfele, torader og akkordeon er uvanleg og sjelden å høyre. 

Med toraderen som det melodiførande instrumentet, akkordeonet med akkordmoglegheitane og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa gjer at uttrykket blir spennande og spesielt. Repertoaret dei spelar er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen. I januar 2020 gjev dei ut si fyrste plate. 

Mads Erik Odde – trekkspel, Vegar Vårdal – fele, Inge Gjevre – torader, Vinstra VGS – Spira

 

Spira
Før platesleppet får vi en liten konsert med Spira som er spelemannslaget til elevene ved folkemusikklinja på Vinstra, slik at vi får et inntrykk av hva som spirer i den unge norske folkemusikkfloraen.

Vinstra VGS - Spira