Snakka San & SVER er FOLKHALL – et usannsynleg, men lukkeleg møte mellom fjerne slektningar.


Gjer deg klar for dette levande maskineriet som sparkar i gang dansen på Bakkjens Basar – festen du ikkje visste du ville ha! Å kombinere dancehall og folkemusikk, og i tillegg påstå at det finst eit slektskap vert ikkje umiddelbart akseptert i alles hovud, men under ein jam oppdaga Göteborg-rapperen Snakka San og dei norsksvenske folkemusikerane i SVER treffpunktet mellom klubb og låve: den reine, levande gleda over å lage fest for alle. Dei stakk i studio for å fylgje opp ideen, og etter fem dagers (!) samspel blei låta ”Bankman Gangster” sendt til en venn i NRK for feedback. Dette endra alt. Låta dundra inn på P3 to dager etterpå – FOLKHALL var offisielt født – Snakka San & SVER hadde ikkje anna valg enn å legge alt anna på is, og reise ut for å spreie den glade bodskapen. I motsetning til mange andre crossoversamarbeid, låter folkhall korkje retningslaust eller påteke. Instrumenteringen tek aldri fokus frå misjonen om å lage stolt festmusikk for alle som er glade i dansing, godt selskap og musikk med innhald. Frontmann Snakka San eig fronten med hissig toasting om alt frå finanskrise, både globalt og privat, til filosofi og sjølvsagt piker, vin og sang. Rundt ham spelar SVER som om de duellerer mot faen sjølv og forfører den vakraste jomfru i same slengen!

TREVA (S)
Treva er ein relativt ny trio frå Falun med dei talentfulle musikarane Anders Dehlbom på fele, Viktor Mörsell på gitar og Axel Fagerberg på trommer. Treva starta opp i 2009 og spelar musikk frå Dalarna i Sverige, særleg frå Siljan og Rättvik, og inspirert av mange sjangere som funk, rock, pop og improvisasjonsmusikk, lagar dei sin heilt eigne ungdommeleg eggande stil av svensk folkemusikk.Treva har motteke fleire utmerkelsar trass den framleis relativt korte karriera, slik som Årets unga folkmusikband 2009 og folkemusikkprisen i musikktevlinga Musik Direkt 2009. Dei representerte også Sverige på NORD 09, nordisk meisterskap i folkemusikk på Sälen.

Me vonar basaristane i Oslo er klare for ungdommeleg folkemusikk frå Dalarna! Snakka San & Sver kjem saman med Treva til Basaren med misjon om å få alle til å danse seg glade utover natta, med god hjelp av diverse DJ’s.