Dei har rykte på seg for å vera eit av dei beste livebanda i heile Skotland. Energien i bandet er samanlikna med dei enorme vindmølleparkane i Skotland, med den skilnaden at gutta i Session A9 er mykje penare å sjå på! Bunnsolid låtmateriale pynta med sløye akkordskift og dramatiske oppbyggingar i sofistikerte arrangement, like thight utført som ein langrennsdress. Musikarane er kjent frå andre band som Capercaillie, The Peat Bog Faeries, The Boys of the Lough, Fiddlers´ Bid, Blazin´Fiddles, Iron Horse og The Treacherous Orchestra. Saman har dei spelte på ei rekke kjente festivaler og scener i Europa, og no kjem dei endeleg til Riksscenen!

Adam Sutherland - fele
Kevin Henderson - fele
Gordon Gunn - fele
Charlie Mckerron - fele
Brian Mcalpine - piano
David “chimp” Robertson - perkusjon
Marc Clement - gitar, vokal