Bombino (Niger) - Ørkenblues frå Sahara

Den nye sensasjonen frå Tuaregfolket, Bombino, kjem attende til hovudstaden med den kritikerroste plata “Nomad” i bagasjen. Etter den fyrste skiva “Agadez” og filmen “The music and the rebellion” fekk Bombino internasjonal merksemd, noko som resulterte i at Dan Auerbach frå The Black Keys produserte andreplata “Nomad” i 2013, ei skive Rolling Stones Magazine gav 4 av 5 stjerner og skreiv at “årets mest spennande bluesplate kjem frå Afrika”!


“Bright and cutting on the upswing, percussive on the downbeat, snatches of Jimmy Page, Jimi Hendrix and even Jerry Garcia can be heard in the sound Bombino creates." - No Depression

Bombino - gitar, vokal
Muhammad Emoud Atchinguel - gitar. calabash, vokal
Kildjate Moussa Albade - bass, vokal
Corey Wilhelm - djembe, trommer, vokal

 

 

Atlanter – Viddeblues med ørkensus!

Med platene til Tinariwen, Bombino og Ali Farka Touré i bakhovudet, bestemte Jens Carelius og Arild Hammerø seg for å suge inspirasjon ut av desse karane frå Sahara og gjera ein norsk utgåve av sjangeren. Dei fekk med seg dei røynde musikarane Jonas Barsten Johnsen og Morten Kvam, ein combo som resulterte i plata «Vidde» som kom ut tidlegare i år. Sjangeren kallar dei Viddeblues, ein kombinasjon av afrikansk gitarspel, blues, psykedelika og krautrock ispedd iskalde tonar frå arktiske strøk. Dei seier sjølve at grooven er basislinja i alle låtane, med store rom for improvisasjon og vidare utvikling av låtane. Tekstane flyt inne i sirkulære og suggerande rytmer og plasserer Atlanter langt inne i den dansbare musikkbåsen.

«Med basis i den afrikanske bluesen har Atlanter lagd et verdensmusikkalbum i ordets rette forstand!» 5/6 – VG

Arild Hammerø - gitar, vokal       
Jens Carelius - gitar, vokal         
Morten Kvam - bass           
Jonas Barsten Johnsen - trommer