Rytmisk verdsklasse på Basar!


Det kan fort bli fartsbot når Gammalgrass og Farmers Market kjem til Bakkjens Basar! Med Stian Carstensen sin tunge fot på gasspedalen i begge banda må ein reikne med å ramle av lasset ein og annan takt, men ikkje la det dempe gleda over å få oppleva fleire av Noregs beste musikarar!

Gammalgrass kombinerer bluegrass, gammaldans, Paganini og absurde folkemusikalske, og alle andre musikalske uttrykk i eit tempo som eigentleg ikkje er mogleg. Med ny plate i handa kjem dei rasande inn på Riksscena for å få oss til å le krampaktig av musikalske sprell, spelt med ein blendande teknikk og enorme mengder musikalitet frå tre fantastiske utøvarar. Stian Carstensen (Farmers Market, Mike Patton, Joshua Redman), Ola Kvernberg (Hot Club de Norvege, Jimmy Rosenberg) og Ole Morten Vågan (Motif, Bugge Wesseltoft) byr på det mest ekstravagante overskotsmusiseringa norsk musikk har å bjode på, noko alle som kjem på Riksscenen fredag 6. desember kjem til å få prov på!  

Stian Carstensen – trekkspel,gitar, banjo,og ei rekkje andre instrument
Ola Kvernberg – fiolin
Ole Morten Vågan – kontrabass

 

Famers Market
Dette bemerkelsesverdige orkesteret starta opp som frijazzensemble i 1991, men etter ein studietur til Bulgaria vart den eklektiske sjangeren dei kallar SpeedBalkanBoogie fødd. Gruppa har gjeve ut fem studioalbum sidan debuten i 1995 og det seiste skotet på stamma, «Slav to the Rhythm fekk spelemannsprisen i 2012 og ståande ovasjonar frå eit samla pressekorps.Farmers Market er eit fantastisk liveband! Med improvisasjon og leikent samspel, inne i taktskifter dei aller fleste berre kan drøyme om å henge med på , tek dei med seg publikum til Balkanhalvøya, via den fiktive øygruppa Hybridene, inn i sitt eige univers der alt frå melodi grand prix og introlåtar til tv-program smeltar saman med tradisjonsmusikk frå heile verda. Famers Market har definert sin heilt eigne sjanger og deira viritousitet gjer til at det er svært få forunt å nærme seg deira banehalvdel.

Stian Carstensen - trekkspill, kaval, gaida, gitar, pedal steelgitar, banjo og vokal
Nils-Olav Johansen - gitar, vokal
Jarle Vespestad - trommer
Finn Guttormsen - bass
Trifon Trifonov - altsaksofon, klarinett

Bakkjens Basar inviterer til musikalsk førjolsmoro på Riksscenen med to elleville band – Velkomne skal alle vera – denne gong vert det basar!