Helene Blum & Harald Haugaard Band - ”Åbne Øjne”
Helen Blum og Harald Haugaard er to av Danmarks finaste tolkarar av musikk med smak av historie og jord. I ei elegant blanding av songar og instrumentalmusikk gir dei to kunstnarane eit innovativt bud på den tradisjonelle musikken i notida. Helene Blum kom i år ut med det kritikarroste albumet “Men med åbne øjne” og turnérer no heile Europa, samt Nord- Amerika. Haugaard har motteke ikkje mindre enn 12 Danish Music Awards, har fått Danske Musiker Forbunds Hederspris, og er kjent for sitt virtuose spel, lyriske klang og sin elegante sans for detaljar. Saman med kveldens kvintett forener dei det sarte med det kraftfulle i ei vakker konsertpakke!

Helene Blum - Sang, fele, gitar
Harald Haugaard - fele og mandolin
Mikkel Grue - gitarer
Kirstine Elise Pedersen - cello

Sune Rahbek - perkusjon

 

Duo Stinnerbom
Magnus og Sophia Stinnerbom er etterkvart gamle kjenningar på Riksscenen, og kvar gong dei kjem imponerer dei publikum med sitt kraftfulle, leikne og tette samspel. Magnus, multiinstrumentalisten kjent som teaterkomponist på Västanå Teater og frontmann i Harv og Outhouse Allstars, er ein hitmakar med den gode musikken som ein del av kroppen. Det same kan seiast om Sophia, som speler både vakkert og rått.

Magnus Stinnerbom - feler, munnspel, div. strenger
Sophia Stinnerbom - feler