Fredag 15. februar
Månedens Artist
Anders Røine: Hått+ Sudan Dudan + Tassili
Dørene åpner: 20.00 Konsertstart: 21.00
Billettpris: 150/100



Det er duka for ein heilaften med månedens artist Anders Røine, som briljerer med ikkje mindre enn tre band denne kvelden. Trioen Hått speler runddansslåtter frå Telemark og er kjent for sine underfundige slåttar med finurlige og fiffige arrangement. Duoen Sudan Dudan spelte i fjor på Øya festivalen, og har gjort seg sterkt bemerka i musikkNorge dei siste par åra. Med slåtter og viser frå Valdres formidler dei folkeleg fortvilelse, lengt, kjærleik og galskap på eit eineståande, fengslande vis. Tassilli speler “kamelhårsjazz”, ein mix av marokkansk og vestleg musikk, med musikalske røtter i m.a Andalusisk, arabisk, berbisk og jødisk kultur. I spissen er marokkanskfødte Aissa Tobi, som saman med Ketil Kielland Lund starta bandet som er kjent som eit energisk liveband som ikke alle greier å stå helt stille og høre på Nyeste tilskotet i bandet er nettopp Anders Røine, som med sin miks av vestafrikansk gitarteknikk og norsk folkemusikk bidreg ytterlegare til å tøye sjangergrensane.
Felles for alle banda i kveld er at uttrykket er sterkt prega av Anders si genuine musikalitet, sitt særprega og leikne uttrykk.

Hått:
Per Anders Buen Garnås - hardingfele
Nils Øyvind Bergset - trekkspell
Anders Røine - gitar

Sudan Dudan:
Marit Karlberg - langeleik, vokal
Anders Røine - gitar, vokal, munnharpe

Tassilli:
Aissa Tobi - vokal, fele, sintr, luthar, m.m.
Abderahime Tobi - vokal, perkusjon
Anders Røine - munnharpe, gitar, langeleik
Ketil Kielland Lund - piano, trekkspill, flygelhorn
Kenneth Ekornes - trommer
Luis Landa - perkusjon
Jens Fossum - bass