03

Dobbelt plateslipp!

Väsen (S) Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980 då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet innanfor nordisk folkemusikk. På vegen til endeleg form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros, og Nordens mest kjende folkemusikktrio var eit faktum. Dei har spelt på alle kontinent, i alle verdsdelar, har begeistra publikum og inspirert andre musikarar over heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington Indiana! Trioen har gjeve ut 15 album, det seiste i rekkja er tilgjengeleg for oss tidleg i 2013, så dette vert den norske releasekonserten til Nordens største premissleverandørar av folkemusikk seinaste 20 år!

Olov Johansson – nyckelharpe
Mikael Marin – viola
Roger Tallroth - gitar

03

Unni Boksasp Ensemble

Med splitter ny plate i kofferten kjem Unni Boksasp Ensemble til Bakkjens Basar med oppfølgaren til suksessplata Keramello frå 2010 som dei mottok både Spellemannspris og Folkelarmpris for. Plata vart ein bestselgar og står som ein av dei viktige utgjevingane innan norsk arrangert folkemusikk i dette tiåret. Denne gong er alle låtane skrivne og komponerte av Unni Boksasp, arrangert i samarbeid med musikarane i ensemblet og produsert av Jørund Fluge Samuelsen. Unni er av dei aller fremste innan norsk folkesong. Ho har utdanninga si frå Musikhögskolan i Stockholm, har vunne landskappleiken fleire gongar og har spela på dei fleste av dei nordiske folkemusikkfestivalane. På nyåret er Unni Boksasp sentral i det nye kulturprogrammet til NRK, Folk:LAB, som opnar Kulturstripa 2013.

Unni Boksasp - song, autoharpe
Trygve Brøske - tangentinstrument
Olav Mjelva - fele, hardingfele
Magne Vestrum - kontrabass
Petter Berndalen - perkusjon