Tett på denne gong vert med ein liten vri i høve tidlegare musikalske møte. Dei to hardingfelespelarane, Frank Rolland og Kjellbjørn Karsrud, har i tillegg til å vera særs dyktige musikarar også hatt fingrane djupt inne kvart sitt folkemusikkarkiv i lengre tid, og frå desse fantastiske samlingane kjem dei med godbitar som me får høyre under konserten. Kombinasjonen av arkivopptak me altfor sjeldan høyrer og live hardingfelespel kan utarte seg til ein slags musikalsk boksekamp mellom to stormakter der Hardanger møter Valdres i ringen.

Frank Rolland - hardingfele
Kjellbjørn Karsrud - hardingfele