Riksscenen nyproduksjon
(c) knut utler
søndag
08
okt. 2017
Dørene åpner 1400
Konsert 1500
Billett 200/130
ARRANGEMENTET ER AVLYST

TETT PÅ

FRANK ROLLAND &
Ingeleiv Kjerland Kvammen

Det vert eit musikalsk møte over fjorden og over generasjonar, her over på andre sidan av fjellet, når spelemennene Ingeleiv Kjerland Kvammen (f.1932!!) og Frank Rolland tek turen frå Hardanger til Oslo for å møte oss “Tett på”.

Ingeleiv er frå Granvin og er dotter av meisterspelemannen Anders Kjerland, og soleis fekk felespel tidleg ein naturleg plass i livet hennar. Ho tok til å spela hardingfele sjølv i 10-årsalderen, og har seinare heile tida vore aktiv i Hardanger spelemannslag.

Frank Rolland har vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996 og har arbeidsplass her på Hardanger folkemuseum der han mellom anna tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet. Rolland er fyrst og fremst soloutøvar på hardingfele, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer.

Ingeleiv Kjerland Kvammen - hardingfele
Frank Rolland - hardingfele 

#3981968