Vi starter sesongen med ei ønskereprise; “Fra De Mollstemte Skoger” er ute med oppfølgeralbumet “Kvisk ått meg”, og gjer Oslopremiere her på Folk på Torsdag! Debutalbumet “Så lengi du kjæm att” sette spor etter seg, og vi er mange som har venta på oppfølgaren. Musikken er deira eigen, og tekstene er, no som da, av lokale diktarar: Ove Røsbak, Ola Jonsmoen, Magnus Buflod, Halvor Floden, Jakob Lishaugen, Halldis Moren Vesaas og Hans Børli. Tekstene varierer fra det vemodige til det underfundige og morosame, musikken frå tradisjonsmusikk til visa og americana. Med desse vakre orda av Ola Jonsmoen ynsker trioen deg velkommen inn i dei mollstemte skoger:   

Forunderleg desse toner gjennom skogen
med vemod i sitt heimanfølgje,
dei snur i ein plystrande sommarvind
og ruskar til liv med ein gladlåt i moll.
Vår skjebne, seier songen,
og vi løfter på lua og lyer.

Tove Hagen – sang, fele, cello
Hege Nylund – sang, ukulele, autoharpe
Annar By – sang, gitar