Päivi Hirvonen er multiinstrumentalist og komponist frå Helsinki. Med føtene godt planta i tradisjonsmusikken komponerer ho musikk for fele, strykelyre og vokal som ho framfører heilt åleine. Musikken er full av sterke soger som smeltast saman med hennes viritouse fele- og lyrespel til fortryllande og fengslande musikk. Päivi vart uteksaminert frå Sibeliusakademiet i 2011 og har i tillegg til solokarriera turnert verda rundt med gruppene Okra Playground og LempiLempi Duo. Detbuskiva som soloartist kjem våren 2018, så her på Riksscenen får me ein forsmak på utgjevinga. 

 

Finnskogen spesial - av Arto Järvelä og Mats Berglund
Skogfinnane begynte å reise fra Savolax og Tavastland i Finland allerede i midten av 1500-tallet for å rydde skog og lage åkrar for rug. På slutten av 1700-tallet hadde dei kome inn i den sørligste finnskogen mellom Glomma og Klaraälven i Sverige. Dei tok med seg mykje av sin finske kulturarv, som innan musikk, byggeskikk og landbruk, og etablerte landsbyar djupt inne i dei store skogane. Desse samfunna skapte seg ein heilt spesiell musikalsk tradisjon der finnskogspols truleg er den mest kjende. Denne tradisjonen fostra fleire anerkjende spelemenn, mellom anna Ola Porkkala (Halteguten) og Per Lumiainen (Lomjansguten) som båe to vart allment kjent for felespelet sitt langt utanfor distriktet.Finske Arto Järvelä og Mats Berglund frå Värmland i Sverige har ført denne tradisjonen vidare. Mats vaks opp med den tradisjonelle musikken på den svenske sida av Finnskogen, medan Arto har studert feletradisjonen i Solør og Odalen med Atle Lien Jensen.

 

Antti Paalanen
Antti Paalanen (FIN) er eit levande instrument! Han heng saman med instrumentet sitt, treraderen, som om dei var fødd saman og dreg publikum inn i ein hypnotisk og svært suggerande sfære der han brukar instrumentet og seg sjølv til alt dei er bygd for – og mykje meir!
Antti Palaanen har gjeve ut tre soloalbum til ståande ovasjonar og medvirka på ein mengd andre plater. For alle som likar instrument med belg er dette høgtid, for dei som trudde dei ikkje lika det er det berre å ta turen, og bli omvendt!

 Antti Paalanen – trerader
Samuli Volanto – lyddesign

 

Ural pop
Etter initiativ frå den samiske musikaren Torgeir Vassvik så prosjektet Ural Pop dagens ljos i 2015. Vassvik hadde då fått med seg to av dei fremste representantane for finsk kontemporær folkemusikk, Kristiina Ilmonen og Rauno Nieminen, og saman med lydmeister Audun Strype byrja dei reisa si inn i dei samiske og finsk-ugriske røtene sine. Dei tre utforskar og handterer arkaiske instrument og tonalitet der dei eldste utrykksformene i regionens folkemusikk vert fundamentet i eit univers der både komposisjon og improvisasjon får god plass.

Torgeir Vassvik – vokal, gitar
Kristiina Ilmonen – blåseinstrumenter, perkusjon.
Rauno Nieminen – kantele, jouhikko, lyre m.m.
Audun Strype – lydtekniker