Hardtslåande, rural amerikansk musikk!
Foghorn Stringband er den skinnande sheriffstjerna inna den amerikanske oldtime stringbandmusikken. Oldtime er amerikansk folkemusikk, og kan reknas som den bondske onkelen til bluegrassen. Med sju album, tusenvis av konsertar og vel eit tiår med turnéverksamheit på samvittigheita, er det kanskje ikkje så rart at dei nye generasjonane oldtimemusikarar er sterkt påverka av uttrykket til Foghorn. Dei let ikkje musikken sin ligge og mugne, men beviser stadig vekk att oldtimemusikken er ei utømmelig kjelde av inspirasjon. Vi falt pladask for den ubegrensa spelegleda, dei kule låtene og det fengjande, tette, leikne samspelet, og har allereie starta nedtellinga!

Stephen “Sammy” Lind - fele, banjo, song
Caleb Klauder - mandolin, song
Nadine Landry - kontrabass, song
Reeb Willms - gitar, song