Floating Sofa Quartet & Guro Kvifte Nesheim
I kjølvatnet til Farsund Folk Festival seglar tingingsverket “Kystnært” vidare og legg til havn på Riksscenen for kvelden.

Kystnært er eit kunstnerisk samarbeide mellom Guro Kvifte Nesheim og Floating Sofa Quartet og det er, som navnet tilseier, kystmusikk som står i sentrum for konserten, nærare bestemt kysten i Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Bandet har også medlemmer frå dei fire nordiske landa, og prosjektet er eit djupdykk i dei felles musikalske tradisjonar frå dei respektive landa, med eit mål om å bevare tradisjonen og samsundes fornye den.

Guro Kvifte Nesheim - hardingfele 
Mads Kjøller Henningsen - fløyter, svensk sekkepipe
Clara Tesch - fele
Leija Lautamaija - torader, trøorgel
Malte Zeberg - kontrabass

Anders Norudde bør vera eit kjend navn for dei fleste gjennom si lange karriere som starta allereie i 1978, ikkje minst gjennom bandet Hedningarna der han er originalmedlem. Anders er multiinstrumentalist og instrumentmakar. Han trakterer fele, sekkepipe, tagelharpe, moraharpe, seljefløyte m.m. Han leitar fram gamal musikk i heimtraktene sine i østre Värmland, gjerne musikk som høver dei alderdommelege instrumenta, og er også flittig komponist av ny slåttemusikk. Han er utdanna felebyggjar, noko han lever stort sett av i dag, men han er også utøvande musiker som solist eller som medlem i bandet til Merit Hemmingson, Ulrika Bodén og med sin eige prosjekt Duo Disparat.    

Anders Norudde - fele, tagelharpe, moraharpe m.m.