Fliflet/Hamre
Desse to ringrevane frå vest treng vel strengt tatt ingen introduksjon! Dei har halde saman som Knoll og Tott med sine kreative, morosame og særdeles musikalske krumspring sidan Kniksen spela på Brann, fisketorget hadde fisk og Jan Eggum var djupt politisk og deprimert. Målet til duoen er å hente verda heim til Bergen og gjera noko med den!
I Fliflet/Hamres musikk står lekelyst og innleving heilt sentralt, og all verdas sjangere og inntrykk i universet deira. Rå balkantoner dundrast ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske tristesser, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar og jammen er Harald Sæverud med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynere. Comboen trekkspel og trommer vart ein suksess for duoen, og samspelet deira har ført dei til både jazz- og folkemusikkfestivalar i inn- og utland.

Gabriel Fliflet - Trekkspel, song
Ole Hamre - slagverk, hamrofon, melodika, stepping, song

Mairearad & Anna (Sco)
Den relativt unge duoen frå the Highlands i Skottland har rukke å gi ut to plater sidan debuten i 2009 og halde mengdevis med konsertar i heimlandet og elles turnert verda rundt. Det enkle oppsettet med trekkspel og sekkepipe akkompagnert av gitar, banjo og fele, høyres kanskje noko tradisjonelt ut, og det er det også, men framført med ein utradisjonell viriousitet og speleglede!  Dei to har ein fellesnevnar i oppveksten; ein far som spela mandolin, og båe to har vakse opp med den tradisjonelle musikken i ryggmargen, ein tradisjon me vonar mange vil gle seg over i oktober!. Dei spelar i tillegg i grupper som Blazin Fiddles, The Poozies, Bella Hardy, The Unusual Suspects, Kris Drever m.fl.

Mairearad Green - Trekkspel, sekkepiper
Anna Massie - Gitar, banjo, fele