Karar i båt er visst noko vi ikkje får nok av, og her kjem ønkereprise med Five Men in a Boat. Fem staute menn med humor, sangstemme, musikalitet og glimt i auget er meir enn vi kan motstå, og no kjem dei på besøk med enda fleir chantier, viser, historiar og låter på fransk, engelsk, norsk og oksitansk. I følge seg sjølve stiller dei med både brei baryton og guttesopran, og lover å fylle lokalet med modig, mandig kraft når dei stemmer i med sin spesialitet; fleirstemt song. Velkommen til ein trivselskveld i særklasse!

Emmanuel Pariselle - trekkspill, concertina, fløyter, sang
Didier Oliver - fele, sang, mandolin, sekkepipe, fløyter
Richard Burgess - gitar, sang, concertina
Frode Nyvold - sang, torader 
Gabriel Fliflet - trekkspill, sang