Erlend Apneseth sitt bestillingsverk "Nattsongar" vart urframført under Førdefestivalen 2016, og fekk ståande ovasjonar frå både publikum og kritikarar. No er plata spelt inn, og bandet er samla for å gjere nokre eksklusive konsertar for å markere platesleppet.
Erlend Apneseth frå Jølster er ein ung musikar og komponist, som på rekordtid har etablert seg i toppsjiktet av hardingfelespelararar i Norge. Han har gjeve ut to plater som begge har fått overstrøymande kritikkar: Blikkspor (Grappa, 2013) og Det Andre Rommet (Hubro, 2016) som nyleg fekk Folkelarm-prisen og vart nominert til Spellemannprisen i åpen klasse. 
Apneseth skildrar arbeidet med tingingsverket som eit slags forskningsprosjekt; eit forsøk på å forene ulike aspekt ved det vide begrepet "verdsmusikk" gjennom sitt eige musikalske univers, utan at det treng eller skal definerast for tydeleg - men forhåpentlegvis åpne øyrene for noko nytt. I tillegg går han inn i såkalla kontrafaktiske spørsmål kring slåttetradisjonar; til dømes: Kva om Anders Viken hadde latt seg inspirere av Django Reinhardt i si tid, korleis ville polkaen Smøygen låte? Eller hallingen Gamlestovslåtten i balkandrakt? Om Førdefestivalen hadde eksistert for hundre år sidan, ville slåttematerialet i nærområdet ha lete annleis sidan impulsane hadde vore fleire? Ved å vri og vende på det velkjente tradisjonelle materialet vil det fort vise seg, forøvrig i folkemusikkfestivalen si ånd - at vegen ikkje er så lang frå Sunnfjord til for eksempel Aust-Europa eller Midtausten. Med seg har han eit lag av glitrande musikarar med bakgrunn frå både folkemusikk og improvisasjonsmusikk, og saman skal dei skape musikk du garantert ikkje har høyrt før. Eller kanskje har du det?

Erlend Apneseth – hardingfele
Stein Urheim – gitar, bozoki, elektronikk
Erik Rydvall – nøkkelharpe
Ole Morten Vågan – kontrabass
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, sag