“..Det som vil stå att etter Leif, i mine augo og minne, er den inderleg varme tonen i fela, det gode humøret og den positive innstilling han bar med seg der han kom. Som spelemann er han uerstatteleg. Han var ein meister. Han hadde ein tone, ein sugande kontakt mellom boge og streng, som mang ein strykemusikar - folkemusikalsk eller klassisk – kan misunne han. Han spela slåttane slik han hadde lært dei, i det store og heile, men dei fekk hans personlege preg gjennom det tolkingspotensial som denne evnen til å forme tonen, gav han. Saman med ein varsam, subtil bruk av ornamentikk i venstrehanda, gav dette det tekniske verktøyet for ei formidling som gjekk rett i hjarta på tilhøyrarane: Med fele og boge i hendene vart han sjølv eit instrument..” 
fra Stein Verstos minneord om Leif Rygg

 

Knut Buen vil lose oss trygt gjennom konserten der spelemannsvener, spelemannslaget hans på Voss og ikkje minst sonen Steinar og soneson Eivind vil delta.

Voss Spelemannslag
Steinar Rygg
Eivind Rygg
Knut Buen
Håkon Høgemo
Frank Rolland
Per Anders Buen Garnås
Jan Beitohaugen Granli
Ottar Kåsa
Knut Hamre
Liv Merete Kroken