Riksscenen nyproduksjon
05
torsdag
04
mai 2017
Dørene åpner 1930
Konsert 2030
Billett 200/120
05
Øyvind Sandum
ARRANGEMENTET ER AVLYST

EIGENTLEG ANDRE INSTRUMENT SENIOR

Bak namnet “Eigentleg andre instrument senior” gøymer det seg ein stor gjeng særs røynde folkemusikarar på trekkspel, toradar, fele, hardingfele o.a., men i dette laget spelar alle instrument dei ikkje kan. Det vil seie at trekkspelarar spelar fele og omvendt, toradarutøvarar spelar gitar, og andre felespelarar spelar cello eller bass. Laget vert leidd av primus motor Øyvind Sandum og har gjort furore i samspelklassene på både landskappleik og landsfestival, der ein strålande 18. plass (av 21 lag) er førebels høgdepunkt!

Kvelden startar med ein liten konsert; han må vera liten, for repertoaret til laget er ikkje spesielt utbygd enno. Deretter vert det dansespel på dei eigentlege instrumenta til utøvarane før laget avsluttar med å syne fram kunstene sine som spelemannslag atter ein gong.

Vel møtt til dansekonsert med Eigentleg andre instrument senior – EAIS til folket!

Øyvind Sandum – fele
Mads Erik Odde – fele
Steinar Odde – fele
Rikke van Ommeren – fele  
Ole Nilssen – fele
Thor Hauknes – fele
Leif Ingvar Ranøien – fele
Thomas Nilssen – fele
Geir Marius Thorud – fele
Bjørn Kåre Odde – cello
Thomas Lomundal – trekkspel
Synnøve Bjørset – trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug – trekkspel

 

#3747767