Det vert spel frå Hallingdal av ypperste merke når dei to spelemennene Egil Syversbråten og Herbjørn Liahagen kjem på vitjing. Dei to har båe to vakse opp i Hemsedal og har såleis bakgrunn frå Hemsedal Spelemannslag, eit lag som har fostra mange storspelemenn.

Det vert eit sjeldant og særs hyggeleg møte med to markante hardingfelespelemenn i hallingtradisjonen som me gler oss stort til. Dei to er  gamle kjende med mykje kunnskap og soger i tillegg til strålande felespel, så her er det berre å ta turen til Riksscenen.

Egil Syversbråten - hardingfele
Herbjørn Liahagen - hardingfele