Dubioza Kolektiv frå Bosnia og Herzegovina spelar verda rundt med sin eggande mix av bosnisk folkemusikk, reggae, ska, dub, punk og hip hop…! Dei har spelt på klubbar og festivalar over heile Europa, deriblant fleire gonger her i Oslo, og er kjende som eit fantastisk liveband, noko ein frekvens på 150-200 konsertar i året kan forklare.Sidan oppstarten i 2003 har dei sju karane som utgjer kollektivet, gjeve ut seks studioalbum og to EP’ar. Dei er for tida i studio og lagar album nummer sju som kjem snart der fyrste singelen ”No escape (from Balkan)” allereie er tilgjengeleg for oss. Dubioza Kolektiv nyttar musikk for å få fram sitt brennande engasjement for sosiale endringar og rettferd for folket i heimlandet, og for eit strålande middel dei nyttar. Det sjangermessig rastlause bandet dreg deg inn i eit stort antal musikalske retningar samstundes og resultatet? Det er fengande, det er sveitt, det er groovy, det er eklektisk, det er dansbart og ikkje minst - det er Bosnia!

Quarter Wolf er av dei meir energiske liveopplevingane det langstrakte landet vårt har å bjode på! Marius Kromvoll (gitar/vox) og australske Paul Daniel (trommer/vox) leverer alltid liveopptredener med liv og helse som innsats, musikalsk inspirert av m.a. John Spencer Blues Explotion og The Stooges. Duoen er for tida i studio for å fylgje opp fjorårets utgjeving "An Orgy Of Shocking Violence", så her vankar det ein herleg smakebitar og gamle hits!

DJ Sissyfus, aka Jørgen Skjulstad aka Center of The Universe er grunnleggjaren av det musikalske kollektivet Metronomicon Audio. Den lange og særs lite forutsigbare mannen med kalott skal gjera kveldens musikalske berg- og dalbane komplett med sin heilt eigen miks av heftige etnobeats, elektronica, Rn´B, rebetika og ellers alt mogleg han ellers har dumpa over på sin musikalske ferd.