I Hälsingland bygger man tradisjonellt sett staselege hus. Dei gamle hälsingegårdane prøvde å overgå kvarandre på fleire måtar, men fyrst og fremst gjennom antal vindauge; jo fleir vindauge, jo større status hadde bonden. Det bor mykje Hälsingland i musikken til Draupner - med storslåtte, pompøse polskar, både gamle, tradisjonelle og nye eigenkomponerte; staselege, vakre og naturlege på ein gong. Draupner har, sidan dei starta i 1994 som eit av få, unge folkemusikkband i Sverige, vorte førebilete for mange av 2000- talets unge band. Det gler oss å invitere til festkveld med eit av våre favorittband!