Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim vaks opp i den solide folkemusikktradisjonen i Hardanger, men har skapt sitt eige uttrykk og henta inspirasjon frå mellom anna dei britiske øyer. Dei to har funne kvarandre i lynne, som komponistar og som utøvarar. Dei tek i bruk tradisjonelle slåttar og songar frå Hardanger i uttrykket sitt, samstundes som dei skaper ny musikk og tekst i både tradisjonelle og nye former. Begge er opptekne av sterke melodiar, og freistar å framheva desse ut i frå verkemidla dei har tilgjengeleg i duoen.

Annlaug Børsheim - hardingfele, gitar og song, Rannveig Djønne - toradar og song