Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor.
5 kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Me ynskjer å vise eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.

 

LIVMØDRE av  Silje Onstad Hålien, Susanne Marko og dansekompaniet Mamelukk.

 

Koreograf: Silje Onstad Hålien
Regi: Susanne Marko
Komponist: Selma French Bolstad
Kostymdesign: Signe Vasshus
Lysdesign: Daniel Kolstad Gimle
Foto: Vegard Breie

Utøvere: Anita Vika Langødegård, Brigitte Halldis Hegge Blomlie, Margit Myhr, Selma French Bolstad, Silje Onstad Hålien, Solveig Hårdnes, Solveig Wang

Livmødre er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmuséa, Innlandet og Folkemusikkveka.

 

I forbindelse med forestillingen arrangeres en panelsamtale i samarbeid med CODA Dancefest klokken 20.30 i kjellerbaren.