Honndalstausene feia inn som frisk vind frå vest på kappleiksarenaen midt på 80-talet, og markerte seg snart også innan gammaldansen, med siger på Landsfestivalen i 1988. Gruppa vart også nominert til Spellemannprisen for den første plateutgjevinga, og har turnert inn- og utland, fått fylkeskulturpris og vore gjester på store, internasjonale festivalar.
Med bakgrunn frå Hornindal, Honndalen på dialekt, spelar dei frisk og fengande dansemusikk frå heimtraktene. Sjølv om medlemmane no er spreidde over heile Sør-Norge og er aktive med musikk kvar på sin front, har dei halde saman alle desse åra, og spelar gjerne både til underhaldning og dans.

 

Gunnhild Sindre - hardingfele
Torunn Raftevold Rue - hardingfele
Bente Storbakken - hardingfele
Gunn Sølvi Gausemel - hardingfele
Synnøve Hjellbakk Hole - hardingfele
Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel
Kjartan Haugen Foss - gitar
Jon Sverre Sætrom Thoresen - kontrabass