Dánjal á Neystabø frå Færøyane er leiaren av Dánjal, eit band med medlemmer frå fire nordiske land; Færøyane, Danmark, Sverige og Finland. Mor hans var statsminister på Færøyane slik far hennes var, og far hans før det att. Likevel valde jazzpianisten å uttrykke seg og sine haldningar gjennom musikk i staden for gjennom politikk, og det har han, medkomponist og mandolinist Kim Nyberg (Afenginn m.m.) og dei andre medmusikarane i bandet klart med bravur. Etter førre plata «The Bubble» vart Dánjal nominert til to beste liveprisar (folk og world), årets låt, årets nykommar og årets komponist under Danish Music Awards, og no er dei aktuelle med nytt album.

"Outstanding and original opus - Masterly by Dánjal"
GAFFA ***** 

"If like anything DÁNJAL sounds like Tom Waits from the US... without the barking, but spiced with the same sort of carnival madness!
-  Katrin Kropf / Online Music Magazine

Musikken til Dánjal er fra der Klezmer helsar på Tom Waits, Aust-Europa kolliderer med Gambia og tango møter rock i ein sfære der musikerar fra hele Norden einast til en unik samling av inntrykk og uttrykk. Publikum kastas rundt i alle retningar i ein kaskade av dynamikk, energi, stille og frenetiske rytmer. Liveryktet til bandet er velfortent, og dei som kjem til Riksscenen denne kvelden kjem truleg til å feire langt inn i 1. mai med musikken til noko av det beste Norden kan bjode på som drivstoff!

Dánjal á Neystabø - vokal, piano
Kim Rafael Nyberg - mandolin
Annika Jessen - klarinett, bassklarinett
Stephan Sieben - gitar, kor
Erik Olevik - bass, kontrabass, cello
Ulrik Brohus - trommer