I samarbeid med Oslo World Music Festival inviterer Riksscenen til konsert med verdsstjerna Cheikh Lô og hans fabelaktige sjumanns-orkester!
Cheikh Lô (f.1955) frå Senegal, oppvaksen i Burkina Faso, vart for alvor oppdaga på fyrste halvdel av 90-talet av ingen ringare enn Yossou N`Dour. Han produserte også fyrste plata hans “Ne La Thiass” som kom ut i 1996 til stor merksemd verda over. Etter det har han gjeve ut fire plater til, den seiste i rekka er den særs kritikerroste “Balbalou” frå 2015. Plata var truleg tunga på vektskåla til at Cheikh vart tildelt den prestisjetunge “Womex Award” i Budapest, ein pris som vert gjevne til “extraordinary artists and professionals” som det står i kriteriane til prisen. Cheikh Lô starta karriera si som trommeslagar og vokalist i bandet Orcestre Volta Jazz midt på 70-talet, eit pop og varietéband som spela alt frå popmusikk frå Cuba og Kongo til tradisjonell musikk frå Burkina Faso. I 1978 flytta han til Senegal og vart med i fleire grupper som spelte Mbalakh, ein sjanger der tradisjonell dans og trommer frå Senegal og Gambia vert kryssa med vestelege uttrykk som jazz, latino og rock. På den tida vart også sounden frå Zaire og Kamerun særs populære og i tillegg gjorde reggaen sitt inntog i miksen. Desse uttrykka tok Cheikh Lô med seg vidare, og har i tida etter det skapt sitt eige uttrykk som eit resultat av alle desse.

Cheikh Lô - vokal, perkusjon, gitar
Alassane Cisse - bass
Baye Mahanta Diop - gitar
Wilfrid Zinsou - saksofon, trombone
Samba M´Baye - trommer, perkusjon
Khadim M’Baye - trommer, perkusjon    
Badou N'Diaye - trommer, perkusjon