Riksscenen nyproduksjon
11
torsdag
02
nov. 2017
Dørene åpner 1930
Konsert 2030
Billett 250/150
Oslo_World_2017_colour-kopi[1]
ARRANGEMENTET ER AVLYST

OSLO WORLD

CELTIC ROOTS
ENSEMBLE

Det er ikkje kvar gong ein kan nytte uttrykket “superband” og koma unna med det, men i dette høvet er det ein ganske nøyaktig skildring! Med musikarar som Knut Reiersrud, Aly Bain, Ale Möller, Tuva Syvertsen, Frasier Fifield, Eric Bibb og Olle Linder er det berre å feste tryggleikstroppen og gjera seg klar til ein musikalsk oppleving utanom det vanlege. Bandet vart sett spesielt saman for å gjera ein innspeling i serien “Jazz at Berlin Philharmonic” og medlemmene vart handplukka av produsenten Siggi Loch. Formålet med serien er å syne kva for musikk som har påverka den europeiske jazztradisjonen frå ulike musikalske retningar, og i dette høvet var det sjølvsagt den keltiske musikken som stod for tur.
Resultatet vart liveplata “Jazz at Berlin Philharmonic VI: Celtic Roots”, ei skive som fekk stor merksemd både i jazzkretsar og ellers i musikklivet over store delar av Europa. Spor for spor syner plata fram eit eksepsjonelt lag av musikarar som bearbeider både tradisjonelt materiale og nyare keltisk musikk med stor respekt.


Knut Reiersrud - gitarar, lapsteel og munnspel
Ale Möller - mandola, trompet, fløyter, dulcimer, trøorgel
Fraser Fifield - saksofon,, fløyter og skotsk sekkepipe
Tuva Syvertsen - vokal, hardingfele, trøorgel
Aly Bain - fele
Olle Linder - perkusjon og kontrabass

 
#3981968