Carlos/Sweeney/McCartin er ein energisk og kompromisslaus “no-nonsense” trio som med fele, fløyter og gitar fokuserer på dansemusikk frå den irske tradisjonen. Trioen er sterkt inspirert og påverka av artistar som Matt Molloy, Cathal Hayden, Frankie Gavin og Mike McGoldrick samt band som Planxty, The Bothy Band, Dervish and Lúnasa.

Trioen gav ut eit sjølvtitulert album med jigs og reels i 2019, eit album som er omtala som eit av dei beste og mest kommersielt vellukka utgjevingane siste tiår.

Dylan Carlos - fele
Dylan er regjerande “All-Ireland senior fiddle champion”! Han kjem frå ein særs musikalsk familie som særleg er kjend for fløytespel, men det vart fele med fokus på tradisjonsmusikken frå vestkysten på Dylan. 

 Cein Sweeney - fløyte 
Cein Sweeney frå ein liten by i Cavan vart kåra “All-Ireland senior flute champion” i 2016. Han er kjend for eit livleg og drivande spel, og reikna som ein av dei absolutt beste fløytespelarane i heimlandet.

John McCartin - gitar
John byrja som felespelar, men bytta bort fela og fekk gitaren igjen. Han er innehavar av “First Class Honours Master of Arts Degree” i tradisjonell irsk musikk. John er medlem av bandet Garadice og turnerer og gjer innspelingar med artistar som Frankie Gavin, Dermot Byrne, Paddy Keenan, Donal Lunny og Eleanor Shanley.