Den så smått legendariske plata «Jarnnetter» med Camilla Granlien Band kom ut for ti år sidan i år. Her var det tonesette dikt av Loms-diktarane Tor Jonsson og Olav Aukrust i tillegg til tradisjonelle låter fra Gudbrandsdalen, og utgjevinga hausta mange lovord og mottok høge tal på terningkasta.

«Unn deg et møte med dette klare, melankolske og sitrende møtet mellom poesi og inspirert musikk» – Fredrik Wandrup / Dagbladet om «Jarnnetter»

I fjor var det 100 år sidan Tor Jonsson vart fødd, og med det kom også høvet til å finne fram att desse låtane. Sidan plata har 10-årsjubileum i år, er det berre å fortsette festen!

Bandet på utgjevinga frå 2007 er erstatta med Annar By, folkesongar og eminent gitarist. Saman med Camilla Granlien har han arrangert og tilrettelagt låtane for duo. I tillegg til materiale frå «Jarnnetter» vert det tradisjonelle viser frå Hedmark og Oppland og songar frå andre tonesette diktarar.

Camilla Granlien – vokal
Annar By – gitar, vokal


Duoen Gard Nergaard / Michael Krumins samlar to ustyrlege virtuosar i den kreative vidareføringa av folkemusikken. Komposisjonane til Nergaard er høgtsvevande og grensesprengande, men har òg klare røter i folkemusikktradisjonen han kjem frå i Vest-Agder. Michael Krumins har eit uvanleg musikalsk overskot og frilynne og er kjent som ein av dei mest karismatiske og solide gitaristane vi har. Når dei to møtest på scena, er det i eit gnistrande samspel med glimt i auget, vel vitande om at kva som helst kan henda!

Gard Nergaard – fele, hardingfele
Michael Krumins – gitarar