Sluttframsyning med Tiljetakt - Bygda dansar i Telemark
Folkekulturen har til alle tider inspirert kunstnarar til å skape eigne versjonar. Eit døme er segna om Guro Heddelid, som diktaren Jørund Telnes skapte ein heil visesyklus av – og som nå er vår inspirasjon. Guro mister i ung alder foreldra sine, rår seg sjølv på garden Heddeli og blir snart vidgjeten som ei både fager og rik jente. Ho får mange friarar, men har vanskar med å velje – ho lova seg fyrst til ein, så til ein annan, medan ho svingar seg i dans med den tredje - og soga fortel om dramatiske hendingar og lagnader i kjølvatnet av dette. Det blir spennande å tolke ei slik soge om til ei danseforestilling anno 2016 med vise-, slåtte- og dansetradisjonen i Telemark som resonansbotn.

Dansarar: Ungdom frå Telemark (12 - 20 år)
Regissør/koreograf: Hæge Manheim og Stian Roland
Musikarar: Lars Ingar Meyer Fjeld, Oddbjørn Aase