Den Oslo-baserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge har nyleg signert med Heilo og slapp i mai 2022 sitt første studioalbum, Call Home. 

 I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford.

 Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.
Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjuper han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil, via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flatpicking-aficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest tilfeldig  i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!

 

Michael Barrett Donovan - fele, vokal
Jakob Folke Ossum - gitar, vokal
Mikael Jonassen - banjo, vokal