Konseptet Dansekonsert har vorte svært godt motteke, og vi slår til med ikkje mindre enn to dansekonsertar i haust! Som vanleg inviterer vi dei vi syns er aller best til å spele til dans, og legg vekt på variasjon i programmet, både i dansetype og instrumentering. Fyrst ute i haust er Unni Boksasp, Erlend Viken og Anders Røine, eit lag som garantert byr på både kvalitet og variasjon! Låter frå Møre, Telemark, Valdres og Røros framføres på vokal, fele, hardingfele, munnharpe og langeleik. Kvelden er akustisk, og det er godt rom for både dansing, lytting, sansing, nyting og sosialisering. Velkommen til ein god, gammaldags dansekveld - Få på danseskoa!