Klokken 1900: Filmvisning


 

Ein heilaften tilegna ein av dei beste og tøffaste spelemennene me har hatt her i landet, Torleiv H. Bjørgum (1921 - 1990) , på Riksscenen fredagen før Oslokappleiken. Det vert fyrst visning av den nye dokumentarfilmen om han, og etterpå spelar  og syng sonen Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén Warg materiale frå plata "Bjørgumspel Vol II - Taddeivs minne 1" der dei heidrar spelemannen Torleiv H. Bjørgum. Plata er oppfylgjaren til  "Bjørgumspel Vol I" frå 2002, ein utgjeving av ein samling opptak der Torleiv sjølv spelar.Hallvard T. Bjørgum (f.1956) er son til Torleiv H. Bjørgum og arvtakaren til Faremotradisjonen faren representerte. Han har gjeve ut eller medverka på eit stort antal plater, har spelt med musikarar som Rick Danko frå The Band og Eric Andersen m.fl, har vunne spelemannsprisen tre gonger og landskappleiken to gonger. Han har også vorte tildelt ein mengd utmerkingar, mellom anna mottok han Gammlengprisen i 2002 og vart utnevnt til Riddar av St.Olavs orden av fyrste klasse i 2014 grunna "sin enestående betydning for folkemusikk". Daniel Sandèn Warg (f.1977) flytta som særs ung mann frå Karlstad i Sverige til Setesdal for å lære felespel av Hallvard. Der bur han framleis, er utdanna sylvsmed, spelar munnharpe, fele og hardingfele i toppklasse, prekar klingane Setesdalsdialekt - med andre ord, han har blive ekte Setesdøl. Daniel har vore fast felespelar for Odd Nordstoga, gjeve ut duoplater med både Sigurd Brokke og Per Anders Buen Garnås og medverkar på ein mengd utgjevingar innanfor mange sjangerar og uttrykk. Det vert både kveding og spel på hardingfele, vanleg fele og munnharpe under konserten - alt i tradisjon etter Torleiv, eller Taddeiv som dei seier i Setesdal. Etter konserten vert det dans i regi av Laget for Folkemusikk for å varme opp publikum og deltakarar skikkeleg før kappleiken.

Hallvard T. Bjørgum - hardingfele, fele, kveding
Daniel Sandén Warg - hardingfele, fele, munnharpe