Get bygdedancy!
Me slår til med bygdedansfest denne laurdagen i april og byr på eit mangfald av ulike bygdedansar, krydra med runddans innimellom. Ingunn Bjørgo, Tonje Lien Barkenæs og Åsmund Reistad speler finnskogspols og andre polsar, Erlend Viken speler springlek og pols, Stian Roland trallar valdrespringar og bonde/halling og Torkjel Bruland Lavoll speler springar i udelt takt og anna vestlandsmoro.

Før dansefesten startar blir det ein liten konsert der me får smakebitar frå EVU-kurset ”Tradisjonskroppen og scenen” og der kveldens musikarar speler nokre låtar kvar.

Program for kvelden:
19.00: Konsert der etter-og vidareutdanningskurset ” Tradisjonsdansen og scena” viser arbeidet sitt og bygdedansmusikarane speler nokre innslag kvar.
20:00 - 01: Dans

Ingunn Bjørgo - torader, Åsmund Reistad - gitar, Tonje Lien Barkenæs - fele , Stian Roland - tralling, Torkjel Bruland Lavoll - hardingfele, Erlend Viken - fele