Bortimot 30 år etter at dei to musikarane møttest for fyste gong, og over 20 år etter at dei byrja å spela saman, får men høve til å koma ”Tett På” to av Vestlandets fremste faneberarar, Gabriel Fliflet og Berit Opheim.Trekkspelar, entertainer, bergenser og musikalsk vert på folkemusikklubben Columbi Egg, Gabriel Fliflet (f.1958), er ein særs fargerik musiker og komponist med eit heilt eige tonale særpreg. Du kan høyre innslag frå Hardanger og Hellas samt suset frå finske skogar og norske kystar i musikken hans – samstundes! Gabriel fekk Vossajazzprisen i 1994 og vart kåra til ”Årets folkemusiker” under Folkelarm i 2011. Han er nok mest kjend frå samarbeidet med Ole Hamre i douen Fliflet/Hamre Energiforsyning, men han har også samarbeidd med ein mengd musikarar frå inn- og utland i tillegg til at han har komponert fleire tingingsverk til ymse festivalar. Kvedardronninga på vestlandet, Berit Opheim (f.1967) frå Voss, har lang og innhaldsrik fartstid som songar og vokalist.  Ho var den strålande ”Månefruva” i oppsetninga ”Tryllefløyta” i folkemusikkversjon, er medlem av Trio Mediaeval, har trioen BNB med Bjørn Kjellemyr og Nils Økland, har vore solist med jazz-/ folkemusikkgruppa Orleysa, Bergen Domkantori, BIT20, Oslo Kammerkor og Utla og mange fleire. Berit har vunne Landskappleiken fleire gonger, både i kveding og Åpen Klasse og er ein av våre aller fremste utøvarar av vokal folkemusikk.

Etter konserten vert det høve til å koma nærare inn under huden til dei to. “Tett På” sin eigen badevakt, Ola E. Bø, tek då ei uformell samtale om musikken, havet, livet, framtid og fortid med dei to eminente musikarane.

Vel møtt til eit møte “Tett På” to av vestlandets største juvelar!