Riksscenen nyproduksjon
09
onsdag
27
sep. 2017
Dørene åpner 2000
Konsert 2100
Billett 250/175
09
Hildegunn Riise
09
Svein Tindberg
09
Knut Hamre
09
Halvard T. Bjørgum
09
Nils Økland
09
Sigbjørn Apeland
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Plukke stjerner med hendene

BENEDICTE MAURSETH MED VENNER

Riksscenen gjev Benedicte Maurseth høve som månadens artist til «å plukke stjerner med hendene»! Då ho var i tjueåra, tilrådde den mangeårige læremeisteren hennar, Knut Hamre, henne å lesa dikt-antologien med same tittel, sett saman av skodespelar Hildegun Riise. Antologien med poesi frå ulike delar av verda kom til å bety svært mykje for den store interessa ho seinare fekk for dikting og dramatikk, og har prega hennar eige uttrykk og komposisjonar.

Sidan har Maurseth samarbeidd svært mykje i krysninga mellom musikk og litteratur, med blant andre Jacobsen og Riise i «Morgon og kveld» ved Nationaltheatret, med skodespelar Svein Tindberg i framsyninga «Andvake» på Det Norske Teatret, i tillegg til mange andre litterære samarbeid med diktarar som Jon Fosse og Ruth Lillegraven.

Musikalsk er det ingen andre nolevande utøvarar som har sett slike spor i Maurseth som spelemennene ho har med denne kvelden, Knut Hamre og Hallvard T. Bjørgum. I tillegg får vi høyre Nils Øklands søkjande, lydlege landskap, saman med Sigbjørn Apelands opne og frie improviserande uttrykk.

Kvar og ein av dei medverkande i konserten denne kvelden har vore avgjerande for hennar eigen tone og kunstnariske val så langt, og kvelden vil innehalde alt frå solo hardingfelespel frå Hardanger og Setesdal, salmar, musikk av Økland og Maurseth, fri improvisert musikk, opplesing om Alida og Asle, og det «store svevet» frå Andvake, japansk og kinesisk poesi, til utdrag frå Maurseths eiga boka Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

 

Hildegun Riise – lesing
Svein Tindberg – lesing
Knut Hamre – hardingfele
Hallvard T. Bjørgum – hardingfele
Nils Økland, hardingfele – viola d´amore, fiolin
Sigbjørn Apeland – harmonium
Benedicte Maurseth – hardingfele

#3747767